Newsfeed

PW15_tilpressemelding

Ny kontrakt i ny marknad for Mare Safety

Det er snart jul og julenissen har allereie vore innom gjengen pĂ„ Osneset. Mare Safety har nemleg nyleg signert ny kontrakt i ny marknad for bygging av ein 15 meter spesialtilpassa bĂ„t for havbruksnĂŠringa. Oppdragsgjevar er det RĂžrvik-baserte reiarlaget, Emilsen SjĂžservice AS, som er ein del av Emilsen gruppa. www.emilsen.no Det nye designet fĂ„r namnet […]
Rem-Transporter-304

Mare Safety med ny bÄt til havvindmarknaden

Det er gode tider for Mare Safety, med stor aktivitet og full produksjon i lokala pĂ„ Osnes i Ulsteinvik. I desse dagar har ein ny arbeidsbĂ„t av typen DC12WM blitt ferdigstilt, klar for overlevering til havvindmarknaden. – Ja, dette er veldig kjekt for oss, seier Torstein Teigene, salssjef i Mare Safety. – ArbeidsbĂ„ten er den […]
bildetilpressemelding-1

Ny kontrakt med Vard og Rem Offshore

Mare Safety seglar i medvind, og har nyleg signert kontrakt med verftskonsernet Vard, for leveranse av ein spesialbĂ„t til Rem Offshore sitt nye vindfartĂžy. – Vard skal byggje fleire slike konstruksjonsstĂžttefartĂžy (CSOV) til Rem Offshore si havvindsatsing. Desse skipa blir bygd for Ă„ stĂžtte konstruksjon og vedlikehald av havvindturbinparkar, og vi er stolte av Ă„ […]
RC-Bjorgvin-1

Overlevering av RÞde Kors-bÄt

Mare Safety tek sommarferie med god samvittigheit. Etter solid innsats med intens jobbing er redningsbĂ„ten til Hordaland RĂžde Kors, RC BjĂžrgvin, endeleg klar for levering. – Dette er ei skute vi er veldig stolte av Ă„ levere frĂ„ oss. Ikkje berre har bĂ„ten unike sjĂžeigenskapar, den vil ogsĂ„ gjere det viktige arbeidet for RĂžde Kors […]
Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
1 week ago

Photos from Mare Safety's post ... See MoreSee Less

1 week ago
13.12.24 PRESSEMELDING📣📣📣

Ny kontrakt i ny marknad 🎉

Det er snart jul og julenissen har allereie vore innom gjengen pÄ Osneset. Mare Safety har nemleg nyleg signert kontrakt pÄ bygging av ein 15 meter spesialtilpassa bÄt for havbruksnÊringa. Oppdragsgjevar er det RÞrvik-baserte reiarlaget, Emilsen SjÞservice AS, som er ein del av Emilsen gruppa.

Det nye designet fÄr namnet Mare PW15, og er basert pÄ konstruksjonen til det marknadsleiande og fleksible fartÞyet Mare DC15.

– Dette er eit solid skrog som er designa for Ă„ kunne operere i ekstreme forhold, og kan tilpassast ulike formĂ„l. Eigenskapane passar godt blant anna som redningsbĂ„t, arbeidsbĂ„t, patruljebĂ„t og personaltransport, fortel salssjef i Mare Safety, Torstein Teigene. – Og, no ogsĂ„ innan havbruk.

Skreddarsydd for maksimal funksjonalitet
Salssjefen er stolt over nytt oppdrag i ein ny marknad, men er tydeleg pÄ at for Ä kunne levere eit best mogleg  produkt, uansett kunde eller marknad, er Mare Safety avhengig av eit tett samarbeid med oppdragsgjevar. 
– Vi er gode pĂ„ skrogkonstruksjon og bygging av bĂ„t, men for Ă„ designe den optimale bĂ„ten tilpassa kunden sitt behov, treng vi tett dialog for Ă„ vite korleis dei Ăžnsker Ă„ bruke den i det daglege. Dette har vi hatt med Emilsen! Kommunikasjonen her har vore svĂŠrt god, og saman har vi skapt eit sluttprodukt med maksimal funksjonalitet, seier Torstein fornĂžgd.

Fleksibilitet og samarbeid
Kunden er ogsÄ veldig fornÞgd.
– Vi er imponerte over kor lydhĂžyre Mare Safety har vore i denne prosessen, deira fleksibilitet og korleis dei har tilpassa designet etter vĂ„re behov. No fĂ„r vi ein bĂ„t som er perfekt for vĂ„rt arbeid i havbruksnĂŠringa, og som vil bidra til Ă„ styrke vĂ„r posisjon innan ROV-segmentet, skryt Øyvind Horn, prosjektleiar i Emilsen SjĂžservice.

BÄde han og Torstein gler seg til at bÄten skal ferdigstillast og overleverast hausten 2025.

Torstein takkar Øyvind for oppdraget. 
– Dette har vore ein kjekk og lĂŠrerik prosess for oss. Med Mare PW15, vil Emilsen no fĂ„ ein skreddarsydd bĂ„t for den jobben dei skal utfĂžre. Den vil mellom anna bli utstyrt med overbygg, kran, vinsj, ROV-verkstad og -kontrollstasjon, to mannskapslugarar, dagrom, fullt utstyrt bad og ei romsleg og oversiktleg bru.

Kvalitet med fokusert tilnĂŠrming
Mare Safety har levert kvalitetsbÄtar til ei rekke ulike marknadar, og dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol, fortel at dei heile vegen har vore bevisste pÄ sin strategi; ei fokusert tilnÊrming til nÞye utvalde bruksomrÄder. 

– Denne tilnĂŠrminga har vore basert pĂ„ at vi skal byggje pĂ„ den ekspertisen vi har, og utvikle denne grundig over tid. Vi starta med redningsbĂ„t-marknaden, og er no Ă„ rekne som ein av dei leiande aktĂžrane her. SĂ„ har vi jobba oss inn i offshore vind, der vi over nokre Ă„r har etablert oss som ein fĂžretrekt leverandĂžr av stĂžttefartĂžy (Daughter Crafts) for mange av SOV-/CSOV-fartĂžya som har vorte bygd bĂ„de lokalt og internasjonalt, til vindindustrien. No har vi valt Ă„ fokusere pĂ„ havbruksnĂŠringa, og denne kontrakten med Emilsen SjĂžservice viser at vi kan bĂ„de levere produkt som kunden vil ha, og vere konkurransedyktige pĂ„ pris, ogsĂ„ innanfor denne nĂŠringa. Dette lovar bra for framtida til Mare Safety, avsluttar Garshol.

https://www.mare.no/newsfeed/

www.mare.no/newsfeed/
... See MoreSee Less

15 CommentsComment on Facebook

Gratulerer med så mykje.😁👍đŸŒČ

Gratulerer👏đŸŒș

Gratulerer til dokke alle 🎉

View more comments